Men i svarte…

Frivillige representantar frå «Sakhalins Miljøvakt» samlar opp oljesøl 6. desember 2015.

Trass i oljesølet står lokalbefolkninga og fiskar. Dei seier at det førebels ikkje luktar olje av fisken, men at dei må vaske vekk oljefilmen som legg seg på fisken når dei dreg den opp av havet.

Kva er det som gjeng føre seg her då? La oss gå litt tilbake i tid, til 28. november 2015, altså ein månad tilbake. Tankskipet «Nadezjda», som var lasta med til saman 786 tonn diesel og olje, gjekk på grunn.

Nei, forresten, la oss gå enno lenger tilbake, heilt til 1700-talet. Det var på den tida at øya, som ligg søraust i det som no er Russland, fekk namnet «Sakhalin». Etter ordrar frå den kinesiske keisaren vart det i 1710 laga eit kart over området, og dette kartet blei seinare feiltolka av europearane: «Saghalien-angahata», som tydar noko sånt som «Svartelv-klippene», skulle mest sannsynleg referere til utlaupet av ei elv på fastlandet. Det var derimot øya like ved som enda opp med namnet «Sakhalin», som betyr «svart». Eit dystert namn. Men det var ikkje før om lag 300 år seinare at det skulle sjå verkeleg svart ut.

сахалин

Sakhalin – Søraust i Russland.

Slik som Noreg, opplever også Sakhalin eit såkalla olje-eventyr. Natt til 28. november i år blei derimot alt anna enn eventyrleg, då «Nadezjda» havarerte. Eit par dagar seinare, 1. desember, vart det meldt om at oljeutslippet hadde spreidd seg utover 11 kilometer av kystlinja.

6. desember deltok 165 frivillige på ein dugnad i regi av dei frivillige organisasjonane «Sakhalins Miljøvakt» og «Klubb Bumerang». I tillegg deltok om lag 85 representantar for diverse statlige og private aktørar. Dei samla opp sand som var full av olje, tørka vekk oljefilm frå steinar, og enda opp med om lag 450 posar med tilsøla sand. Sjølv om dei klarte å samle opp mykje, utgjorde ikkje dette meir enn kanskje 5-10% av oljesølet, skriv Sakhalins Miljøvakt i eit presseskriv.

12. desember reiser Sakhalins Miljøvakt tilbake til det same området på inspeksjon. Bygginga av ein veg ut til tankskipet, som havarerte 150 meter frå land, er i full gang – noko som lovar godt. Framleis er det håp om å få komme seg ut til skipet slik at ein kan unngå nye lekkasjar. Men diverre er kysten framleis tilgrisa av olje – til og med der den storslåtte dugnaden fann stad ei veke tidlegare. Om ikkje dette vert reinska opp, vil tidevann og uvér ta med seg oljesølet ut på havet igjen.

Så skjer det, så klart. 27. desember kjem uvéret. Bølgene slår mot tankskipet, inn i sjølve tankane, og ut igjen i havet. Sakhalins Miljøvakt melder om meir oljesøl langs kysten, mørkebrun farge på sjøen, og ein sterkare oljelukt. Rett rundt tankskipet er det synlege samlingar av olje – sjølv om myndigheitane 26. desember erklærte at tankane skal ha blitt fullstendig tømt.

Sakhalins Miljøvakt skriv vidare at omfanget av oljeutslippet hadde vore mykje mindre om ein frå starten av hadde satt ut oljelenser rundt tankskipet. Oljelensene hadde kunne hindre oljen i å flyte ut, sjølv under tre meter høge bølger. Det har vore utført treningsaksjonar med oljelenser i Sakhalin, seinast i 2011, men no når det verkeleg gjaldt blei dei ikkje brukt.

Den frivillige miljøorganisasjonen Sakhalins Miljøvakt har altså organisert dugnad, men det var på langt nær nok. For å hindre større omfang av oljeutslippet, og for å reinske opp oljesøl, måtte ein ha brukt utstyr og ressursar som myndigheitane sitt på. Miljøvakta kan nesten ikkje gjere noko meir enn å formidle det dei ser, noko dei gjer på nettstaden sin. Nedst i kvart presseskriv står det noko med liten skrift: «Justisdepartementet reknar den ikkje-statlege organisasjonen «Sakhalins Miljøvakt» som utenlandsk agent. «Miljøvakta» er lovpålagt å legge til denne kommentaren, men meiner at justisdepartementets vedtak er ubegrunna, og utfordrar dette i retten».

sakhalin8

Frivillige representantar for Sakhalins Miljøvakt = utenlandske agentar??

 

Legg igjen en kommentar

Filed under Miljø, Rettigheter

Legg igjen en kommentar